Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fotballkamp i beste FAIR-PLAY ånd!

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. september 2020

Torsdag kveld var det duka for sesongens første fotballkamp på Bordholmen. Heimelaget hadde fått besøk av Surnadal G10 1. Det vart ein jamn, og ikkje minst underhaldande kamp, som bortelaget til slutt vann med knappast moglege margin. Trym S. Kvendset var dommar og hadde full kontroll i ein lettdømt kamp. Mykje folk hadde møtt opp for å sjå på kampen. Ingunn Mikkelsen hadde ein stri tørn i kiosken med steiking og sal av bakels. Ho gjekk tidleg tom for bakels, så ho måtte konstatere at ho nok hadde kunne ha selt ein god del meir om ho hadde hatt meir røre, men ho hadde heldigvis andre varer som og fall i smak.

Surnadal G10 – til ære for fotografen. Foto: Bjørn Gunnar Ansnes

Ekte FAIR-PLAY av Surnadal!
Søya/Todalen sine trenarar Ivar Vikan og Ola Dalsegg var full av rosande ord om eigne spelarar etter kampen. I tillegg skrytte dei av Surnadal sin Trenar, Jan Roger Finnvik, for å vise ekte FAIR-PLAY ånd gjennom å gje heimelaget lov til å bruke Tor Asbjørn Mikkelsen Karlsen som keeper, sjølv om han er overårig, rett og slett for å få ein så jamn kamp som mogleg. Det tykte dei to var ei «vaksen» avgjerd av Finnvik som viser at han og Surnadal prioriterer godt spel og jamne kampar framfor resultat på dette nivået. Absolutt eit eksempel til etterfølging seier dei to!

Surnadal stilte med følgjande spelarar:
Håkon Mogstad, Brage Andersen, Niklas Myklegard, Jaran S. Finnvik, Even R. Haugen, Aksel Grimsmo, Magnus Sæterbø, Brage A. Strand og Anders K. Bævre.

Fin kveld med mykje folk på Bordholmen – Litt regn i lufta men… Foto: Bjørn gunnar Ansnes

Søya/Todalen stilte med følgjande spelarar:
Tor Asbjørn M. Karlsen, Erlend S. Polden, Magnar Vikan, Trygve Aleksander Halle, Jens Sancho Ansnes, Jakob Ranes, Sindre K. Rodal, Ådne S. Gjeldnes, Lars Ailo J. Gjeldnes og Anders B. Dalsegg.  Båe laga spela god fotball med Surnadal eit lite hakk framfor gjennom kampen. Men ingen tvil om at heimelaget har utvikla seg særs positivt sidan første kamp og fram til no. Det skal og nemnast at keeper Tor Asbjørn bidrog i aller høgaste grad bidrog til at dette vart ein jamn, spanande og ikkje minst sjåverdig kamp for alle dei rundt 80 frammøtte.
 
Då er neste kamp på Bordholmen blir den 24.september kl. 18. Då er det Søya/Todalen sitt J9/10 lag som skal i elden. Vi kjem attende med meir informasjon om den kampen når kampdagen nærmar seg!

Kampen er i gang – regnet nærmar seg i Snøfjellet og Skjæringfjellet. Foto: Bjørn Gunnar Ansnes

Publisert: 3. september 2020, 20:50