Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fotballavslutning etter endt sesong

Fotballavslutning etter endt sesong

Elinor Bolme Sundag 26. september 2010

I dag var knøttar og miniar samla på Bordholmen for å markere endt fotballsesong. Trenarar og oppmenn hadde bede dei på pizza, brus og sjokoladekake, utan sportslege forpliktelsar. Og i det fine haustveret var det dekt på langbord ute i den anledning. 

Då det er litt lite ungar i desse årsklassane, har det vort til at nokre av dei yngste har fått vore med å hjelpe G10 laget på nokre av kampane.

Knøttelaget har på grunn av til dels lite mannskap kun stilt lag på eit par cupar denne sesongen.

Sosialt lyt det vera.

Her er G10 Søya/Todalen 3 for sesongen 2010. Dei fekk utdelt diplomar og lagbilete for innsatsen.

Publisert: 26. september 2010, 20:53