Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

For all del – kjør forsiktig!

Jon Olav Ørsal Tysdag 12. mai 2020

Med 10-15 cm blaut nysnø skal man jammen passe farten, og kanskje aller helst la bilen stå i garasjen.  Sjølv om det er delvis bart på vegane rundt bygda, så er det sørpe og snøføre utover, stranda og spesielt over Åsbøen.  Der hadde ein bil hamna utfor vegen, og bilberging var i gang.  Bildet ovafor viser forholda mellom Bleikhammaren og arboretet, og det er slett ikkje føre som passar for sommardekk. Så konklusjonen er at det er lurt å la bilen stå, dersom du ikkje tek jobben med å legge på att vinterdekka!

Publisert: 12. mai 2020, 10:16