Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Folksomt rundt bygda i år også

Elinor Bolme Fredag 27. desember 2019

Årets romjulsmarsj er historie. Nok ein gong var det stor deltaking med ca 170 personar som var ute på årets trivelegaste luftetur rundt bygda. Idrettslaget hadde som vanleg drikkestasjoner både på Bruset og i Sandstadkrysset med både kakao og gløgg i koppen. Nytt av året var gratislotteri på Bruset med mange fine premier. For dei som var så heldige å trekkje rett nummer i alle fall.

På Sandstad var det gjetting av antall godbitar i ei glasskrukke. Den heldige vinnaren var Sigrid Gjersvoll som tippa riktig antall med 333 stk, og dermed sikra seg godteriet til odel og eie.

Romjulsmarsjen er eit populært arrangement og mange «god jul» og «takk for sist» vart veksla i løpet av dei tre timane som fekk ut både todalingar, nordvikgardingar, surnadalingar og ellers andre som oppheld seg i bygda i høgtida. Eit par tok sjansen på å sykle, for det var godt strødd og dermed til dels dårleg sparkføre.

Ekstra artig for dei fleste å møte ein ponni undervegs. Foto: Mari B Redalen.

Under er eit rikhaldig bildegalleri, men på langt nær med alle som deltok. Alle foto ElinorB

Publisert: 27. desember 2019, 16:27