Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Folkemøte – info om Halsetøran naturreservat

Jon Olav Ørsal Måndag 2. oktober 2017

Kveldens folkemøte om Halsetøran naturreservat avslørte at det er behov for både meir informasjon og meir kommunikasjon – Ola Betten og Solveig Berg frå Fylkesmannen i MR signaliserte ei ny tid i tilhøvet til byråkratiet.

Ola Betten frå Fylkesmannen i MR – fylkesmannen er interessert i ein god dialog med publikum Foto. Jon Olav Ørsal

Både grunneigarane og andre interesserte var invitert til kveldens infomøte i skulen. Dei to frå fylkesmannens kontor signaliserte at dei var interessert i ein betre kommunikasjon med publikum, både for å informere om lovverk og regler, men også for å få tips om korleis reservatet har vore bruka frå gamal tid.

Ein gjennomgang av verneformålet og regelverk avdekka straks fleire misforståelser og avklarte mange ting som både publikum og fylkesmannens folk lurte på.  Mellom anna forhold som besting og anna bruk som f. eks. bålbrenning som mange hadde trudd var ulovleg, men som faktisk er lovleg.  Beiting påverkar vegetasjonen positivt med at enkelte vekstar blir halde nede, medan andre får lov til å vekse – og å blomstre.  Vi fikk også ein gjennomgang om uønska vekstar, slik som rynkerose, kjempespringfrø og andre som er direkte uønska. 

Solveig S. berg orienterte om Todalsøran naturreservat – regelverk og bruksområder. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er mellom anna viktig at ein ikkje dumpar hageavfall på slike plassar – det hører heime i søppeldunken for restavfall, eller kan leverast på Hamos sitt anlegg i Surnadal utan kostnad. Det var også lufta å sette ein kontainer til slik bruk her i bygda – det bør kanskje følges opp vidare.

Det er også laga ei forvaltningsplan for Halsetøran som du kan laste ned her og elles finn du info om Halsetøran naturreservat her.  

 

Publisert: 2. oktober 2017, 22:21