Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fole te folkemusikk

Steinar Hasselø, Surnadal folkebibliotek Tysdag 24. november 2015

Folkemusikken og folkedansen er både gamal og ung på same tid. Gamle slåttar vert utforska av unge kroppar i ei ny tid. Noko vert verande gamalt, noko vert rundare, noko krassare – tradisjonar flyt vidare inn i ei ny og ukjend tid.

Torsdag 26. november kl. 19.00 vil seks folkemusikarar frå heile fylket invitere deg med på eit møte mellom fortid og framtid i ein storslagen konsert i Surnadal kulturhus. Av dei seks er to nordmøringar; Øystein Sandbukt og Kine Iselilja Gyldenskog. I tillegg deltek Surnadal folkedanslag og «Scmeik» frå Kulturskolen på Indre Nordmøre.

I festkonserten «Fole te folkemusikk» feirar Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal at dei fyller 25 år. Miljøet, dei unge og dei eldre spelar og dansar sine tradisjonar. Utan spelemannslaga, dansarlaga, utøvarane og eldsjelene hadde det ikkje vore noko materiale å samle og forske på i Folkemusikkarkivet sine samlingar.

På konserten vil ensemblet presentere musikk og dans frå heile fylket. Ensemblet består av to profesjonelle folkemusikarar og fire unge som i dag studerer folkemusikk. Dei skal arbeide kunstnarisk utforskande fram mot konserten, og med tanke på at alle sit med sine tradisjonar frå kvar sin kant av fylket, vil dette samarbeidet og denne konserten bli eit spennande møte.

Desse seks deltek på konserten: Øystein Sandbukt (gitar), Britt Elise Skram (fele), Thea Marie Ytterdal (fele), Kine Iselilja Gyldenskog (song), Frøydis Bergheim Ruud (fele) og Bjørn Petter Tøsse (trekkspel).

 

 

Ansvarleg: Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal med stønad frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Publisert: 24. november 2015, 20:40