Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott Kleivakveld

Dordi Jorunn Halle Fredag 15. mai 2020

 «Den finaste songen eg veit», sa nyleg ein gammal mann om Vårsøg. Diktet vart til fredsvåren 1945, og 75-årsjubileet skulle markerast med ei innhaldsrik og storslagen Vårsøghelg. Men koronaviruset sette ein stoppar for Vårsøghelga, og så sette veret og snøelingane ein stoppar for Minikleivakveld oppå Kleiva, så til slutt vart det ei fin og stemningsfull stund i Storstuå på Kulturhuset. Berre eit fåtallig publikum fekk oppleve kvelden direkte, men laurdag 23. mai blir programmet sendt på nett.

Stor stemning i salen da «Bøverdalsrock» vart framført! Ved flygelet Brage Einum, John Pål Inderberg på saxofon, Jo Inge Nes var kveldens tambur og Karianna Sommero song og «rocka». Foto: Dordi J H

Svein Sæter var programleiar, han filosoferte litt rundt ordet vårsøg – reint konkret tyder ordet susing eller søg av vind og rennande vatn om våren. Men ordet har dobbel botn, Hyldbakk skreiv diktet våren 1945 med «store voner og håp om fred og ein fin vår» og med glede over at det atter skulle bli lov til å skrive fritt igjen. I vårsøg ligg det håp, optimisme, livsmot og framtidsvon! Derfor må vi feire Vårsøghelg!

Karianna og Henning Sommero. Karianna er både songar, skodespelar og musikalartist! Ho er artist på heiltid og utruleg dyktig! Foto: Dordi J H

«Slepp bokstavane fri, det er Vårsøg», med desse orda vart elevane i Surnadal inviterte til å skrive dikt til Vårsøghelga for første gong i 1999. Sidan har det vorte meir enn 10 000 dikt i Vårsøglandet og to diktbøker. Publikum fekk glede av å høyre fleire artige og humoristiske dikt, dikt i ånda til Hyldbakk.

Med Henning Sommero, John Pål Inderberg, Jo Inge Nes, Brage K. Einum, Anders Larsen og Dansekompaniet på scena vart det det ein underhaldande kveld. Men mest imponerte to talentfulle ungjenter, nemleg Karianna Sommero og Pernille Torvik Kvande, dei bidrog med flott song og stor sceneglede!

Pernille Torvik Kvande bidrog med fin song og framføring. Ho er russ i år og håpar å arbeida med song og musikk i framtida. Vi ønsker ho lykke til! Foto: Dordi J H

Ein kjend trio, her framfører dei «E slåttatæja.» Frå venstre Henning Sommero, John Pål Inderberg og Anders Larsen. Larsen er no dagleg leiar for Laget Vårsøg. Foto: Dordi J H

Det vart ein kveld med mange kjære og flotte innslag, mellom anna: «Du ska få en dag i mårgå», «Gud hjelp me hjæm», «Bøverdalsrock», «E slåttatæja», «Nordmørsminne», «Fridomsvegen».

Kleivafondet og Kleivaprisen

Kleivafondet vart oppretta av Hans Hyldbakk for å «fremje kulturelle og lokalhistoriske føremål, unnateke fotball og stjerneidrett.» Det er Surnadal kommune som administrerer fondet, og i år var det berre ein søknad. Det var «øvrigheita» i kommunen, ordførar og kulturleiar, som delte ut 9000 kroner til Laget Vårsøg for å gjennomføre digital Kleivakveld.

Kleivaprisen 2020 gjekk til «Laget Vårsøg for arrangementet Vårsøghelga gjennom 25 år.»

Ordførar Margrethe Svinik og kulturleiar Lilli Husby delte ut Kleivaprisen til Laget Vårsøg. Frå venstre: Margrethe Svinvik, Lilli Husby, Stine Valde, Kjersti Mahle Brøske, Rune Dalager, Jon Arne Mogstad, Anders Larsen, Karstein Mauset, Karin Åsbø og Ingvild Kårvatn. Anne Lise Vullum og Lars Polden var ikkje til stades. Foto: Dordi J H.

Kvelden vart på tradisjonelt vis avslutta med songen «Vårsøg». Henning Sommero laga melodi til diktet i 1971 utan tanke med på at diktet vart skrive fredsvåren. Og no er Vårsøg ein kjend og kjær song, den finaste songen eg veit for mange i landet vårt.

Da er det berre å glede seg til den 23. mai da Kleivakvelden blir vist på nett.

Kvelden vart avslutta med allsong og alle aktørane på scena. Dansarane i mørke drakter. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 15. mai 2020, 00:02