Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fleire gull og mange sølv på gevirutstillinga

Jon Olav Ørsal Sundag 25. november 2018

Gevirutstillinga som avisa Driva og Surnadal JFF arrangerte sist laurdag samla meng flotte gevir til bedømming. Dei fleste gevira kom sjølvsagt frå nærområdet, men kom frå dyr som var felt i samband med jakt i andre område. I det store og heile var det mange flotte gevir og gevirdommar Øyvind K. Veskje som kom frå Oppdal, var imponert over kor mange og prektige gevir som vart levert inn til bedømming og utstilling.

Det var avisa Driva som tok initiativ til gevirutstillinga og samarbeidde med Surnadal JFF om den praktiske gjennomføring. Surnadal JFF fekk mykje skryt for arrangementet som vart prikkfritt gjennomført.

Terje Talgø fikk gull for sitt elggevir. Elgoksen vart felt i Bindal i 2004, og hadde god margin til gullkrava med 310,8 poeng. Slaktevekta på elgoksen var 283 kg. Foto: Jon Olav Ørsal

Det kom inn både elg-, hjort, villrein- og rådyrgevir til vurdering, og dommar Veskje fekk fleire gullkandidatar på bordet. Det vart eit gullgevir for elg, eit for hjort og 2 for villrein. I tillegg vart det så mange sølvmedaljar at dommaren gjekk lens for medaljar. Veskje tykte det var uvanleg mange sølvmedalje i forhold til talet som fekk gull og bronse.

Gullmedaljane sitt nok langt inne denne samanhengen. Veskje fortalte at det vanlegvis blir delt ut 10 gullmedaljar i året på landsbasis både for elg og for hjort. Elgen som Terje Talgø felte i Bindal hadde god margin på gullet med 310,8 poeng. – Det er langt i mellom slike gevir, sa Veskje. For hjortegevir så var det Geir Eggen frå Bøfjorden som trakk det lengste strået, og fikk gull for sitt gevir med delt krone på eine sida – 171,59 poeng og derme over gullkravet. For villrein var det 2 gull – lokalt finn Hallstein Nes frå Kvanne gull for sin reinsbukk som vart felt i Snøhetta øst – med 819, 4 og dermed klar margin til gullgrensa på 800.

Hallstein Nes fikk gull for sitt villreingevir. Reinsbukken vart felt i Snøhettaområdet i 20|14 og fikk 819,4 poeng. Slaktevekta var 90 kg. Foto: Jon Olav Ørsal

På programmet vidare utover dagen var det lysbildevisning, der Gøran Rønning som er Driva-journalist viste jakt og viltbilde frå sitt rikhaldige arkiv til publikum. På tampen av dagen heldt dommar Øyvind K. Veskje ein demonstrasjon, og fortalte korleis gevirdømminga gjekk føre seg – nokså komplisert og arbeidsamt når så mange faktorar skal vurderast.

Nedafor finn du bildeglimt frå utstillinga og arrangementet i Todalen ungdomshus.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 25. november 2018, 09:57