Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjols og parasittar

Steinar Hasselø Fredag 21. februar 2020

Stor variasjon på Surnadal kino i helga: frå komisk inspirasjon til Oscar-sensasjon!

Ein slags oppfølgar av komiklassikaren «Fjols til fjells», med same namn, får premiere fredag 21. februar (kl. 13 og 18). Den unge resepsjonisten Poppe (barnebarn av Leif Justers Poppe-figur frå originalen) må plutseleg ta seg av drifta av eit høgfjellshotell i den mest hektiske påsketida. Det kan ikkje gå bra, og gjer det heller ikkje (aldersgrense: 6 år).

«Birds of Prey», som også er ein slags oppfølgar – denne av «Suicide Squad», går som siste film, og venteleg for siste gong, fredag (15 år).

Laurdag går den norske «Flukten over grensen» (9 år) som har hausta betre kritikkar enn dei som er nemnt så langt. Suksessforfattar Maja Lunde har skrive manuset og filmen handlar om fire barn som må rømme over til Sverige under 2. verdskrig. «Alvorlig gripende, seriøst spennende», skriv VG.

Den andre filmen laurdag er «Sonic The Hedgehog» (6 år), der vi får eit nytt møte med gummitrynet Jim Carrey.

«Parasitt» overraska filmverda med å stikke av med nokre av dei gjevaste oscarprisane tidlegare denne månaden. Filmen er sør-koreansk og sjokkerte aller mest med å vere den første ikkje-engelsk-talande gjennom filmhistoria som vart kåra til «Beste film». Det fortel om kvalitetane til filmen, for konkurransen var hard i år. «Parasitt» har raska med seg seksarar på terningane i møtet med kritikarane (15 år).

Meir om filmane finn du på nettsida https://surnadal-kulturhus.no/

Publisert: 21. februar 2020, 09:52