Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fjellgruppa på tur til Trodalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juni 2020

Pensjonistlagets Fjellgruppe har vore på tur til Trodalen i dag. – I det overlag fine veret var det totalt 29 som deltok. Lang og interessant tur fra fjøra etter den gamle stien/vegen opp gjennom skogen fram til garden – fossen var på sitt beste , skriv Kristian Ranes

Anne Einum hadde med kamera, og har sendt oss eit galleri med flotte bilder frå turen som vi presenterer nedafor.

Ny tur neste veke:
Neste tur går til Skjennå. Det skjer tysdag 23. juni, og vi møtest på museumstunet Åsen kl. 10:00 – merk tida- og går i samla flokk opp på fjellet, som så mange ser, men færre har vore oppå. Matpakke og drikke må vera med!  Vel møtt, helsar Tor Asle, Brage og Kristian som er turvertar.

Bildgalleri frå turen til Trodalen – alle foto: Anne Vognild Einum

Publisert: 17. juni 2020, 08:00