Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Finvêrstur til Vassdalen

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. september 2020

Tysdag 1. september, var fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag på tur til Vassdalen i Vindøldalen. Det var nydeleg vêr og vi hadde ein skikkeleg fin tur!  Anne-Sissel og Nils Mogstad har sendt oss blider frå turen, og det ser da reint så idyllisk ut.  Og jammen hadde dei vêret med seg på turen denne gongen også – med klår haustluft som er med og gjer utsikta heilt unik.

For å kome til Vassdalen kan du køyrer bomvegen opp til Pebua, der det er ny bom.  Her kan du parkere og ta turen innover Vindøldalen til fots.  Frå Kløftsetra er det ny veg/sti oppover lia til Vassdalen som ligg i Snotamassivet. – Ein flott tur i flott natur!

Idyll når du kjem opp til Vassdalen. Foto: Anne-Sissel og Nils Mogstad

heile gjengen samla ved parkeringsplassen ved Kløftsetra. Foto: Anne-Sissel og Nils Mogstad.

Publisert: 2. september 2020, 13:48