Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Finn fram Stil-longsen – kaldvêr i vente!

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. november 2016

Etter ein lang og fin haust er det no kaldvêr i vente. Neste veke er det meldt kaldare vêr alt frå søndag og fram til fredag, der onsdagen ser ut til å bli kaldast med nærare 10 kuldegrader på det kaldaste.

Det er også meldt vind heile veka, med austleg vindretning dei to første dagane og dreiande til sør- og søraustleg retning utover veka – jamnt 3-4 meter i sekundet heile perioden. Men snøen kan vi sjå langt etter dersom ein skal tru yr.no sitt langtidsvarsel – null milimeter nedbør meldes for heile 10-dagersperioden.

Så får vi sjå kor godt dei treffer på !

Publisert: 5. november 2016, 21:07