Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fine haustturar!

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. oktober 2020

Siste måndagen i oktober vart ein finversdag med sol og god temperatur. Fjella rundt oss er høge, sola er låg og skuggane lange, så ein lyt nyte dei siste soltimane. Dei tretten turgåarane fekk ein god og triveleg runde i Toåa tursti måndag 26. oktober.

Godt turver og fint turområde: Foto: Dordi J H

Dette var turdag nummer 11 etter sommarferien, og det er stemning for å halde fram med Kløverturar så lenge det ikkje er glatte vintervegar eller djupsnø i turstiane. Sidan det framleis er strenge restriksjonar på grunn av koronapandemien, er det kjekt og sosialt å møtast ute. Slik situasjonen er no, er det ekstra godt å treffe folk og få ein prat.

Nils og Anders i motsol. Foto: Dordi J H

I dag vart det lang, lang rekke. Foto: Dordi J H

For ei veke sidan gjekk Kløverturen frå Matkroken og opp til Løfta og nedatt om Rossåa, da var det meir vinter i lufta, men godt ver å vera ute i.

Yr lovar godver framover, så neste måndag er det plana å legge Kløverturen til Nordvik.

Fleire bilete frå kløverturane:

Klar til turstart måndag 19. oktober. Snø langt nedover liene. Frå venstre: Marit Jorunn, Helen, Arndis og Jean. Foto: Åse V R

Oppe på Løfta. Foto: Marit S S

Kaffepause ved Båthølen. Foto: Dordi J H

Ut på tur! Frå venstre: Sigrun, Helga, Jean, Dordi, Arndis, Åse, Synnøve, Marit, Helen og Jorunn. Foto: Dordi J H

Publisert: 26. oktober 2020, 14:47