Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Finale for eit aktivt år i SJFF

Jon Olav Ørsal Fredag 1. mars 2019

Torsdag kveld var det årsmøte i Surnadal Jeger og Fiskerforening. Årsmøtet markerte slutten på ei aktivt år for laget, men det som gjorde møtet historisk, var nok at foreninga fekk sin første kvinnelege leiar.

Årsmøtet bydde på vanlege årsmøtesaker, med årsmeldingar og rekneskap som viste at foreninga går i pluss og har ein sunn økonomi. Mellom anna er foreninga tilført 75.000 i midlar frå andeløpet under Laksefestivalen 2018. Dette er midlar som er avsett til bruk til barne- og ungdomsarbeidet. Det kan også nemnast at SJFF er det største lokallaget i fylket, og har framleis vekst i medlemsmassen. Medlemstalet er i dag 318 betalande medlemar som er ein auke på 20 frå året før. Av desse er 115 barne- og ungdomsmedlemar, så foreninga har veldig god rekruttering.

Oversikt og tillitsvalte i SJFF – endringar frå 2018 til 2019 er markert med rødt.

Valet vart altså historisk, da Turid Settem Eggen vart valt til ny leiar i SJFF etter Ove Magne Åsen. Turid er slett ikkje nokon nybynnar, og har lang erfaring frå styret i SJFF og er i tillegg kvinnekontakt i NJFF Møre og Romsdal. Elles kan nemnast at Gøran rønning vart ny sekretær/webansvarleg etter Michal Heimlund.

På programmet etter årsmøtet orienterte Ragnar Halle om nedlegginga av Norsk Laksefestival og dei mange utfordingane i stifting som vil være i drift til neste årsmøte med sal av eigedeler og avvikling av finansielle forpliktingar.
Etterpå vart det lysbildeforedrag med Anders Magne Ormset som viste lysbilde frå livet og naturen på Svalbard frå tida han var i teneste hos Sysselmannen på Svalbard.

Publisert: 1. mars 2019, 19:21