Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fin kveldstur til Hyllå og Pettlia

Dordi Jorunn Halle Tysdag 19. mai 2015

Måndagskvelden vart det retteleg fint vårver, og heile 24 personar vart med på kveldsturen til trimgruppa i Todalen idrettslag. Yngste deltakar var fem år og den eldste 80 år, så her var det riktig  god aldersblanding!

Vi starta frå Austistua på Halla, og første stoppen vart like ovanfor garden oppi Kalvgeilen. Her vart det i fjor oppdaga eit to meter djupt hol som er oppmura. Det er gåte kva dette kan vere. Vidare gjekk vi oppover Øygardsbakkan og oppå Øygarden. Tru om det var her første todalingen, Tov den fredlause, busette seg for mange hundre år sidan? Etter kvart kom vi oppå Hyllå, her er det fin utsikt både utover mot fjorden og mot fjella på sørsida av dalen. Der var det berre nydeleg i den fine vårkvelden. Vidare bar det oppover og utover mot «Jabenken», før vi forserte brattlendt terreng for å kome uti Pettlia. Da vart det betre veg og lettare å ta seg fram.  Området vi gjekk i, er svært frodig og artsrikt, edellauvskog.

Vi inspiserte brønnanlegget til Husby og Halle vassverk uti Lauvåa, før vi tok ein tur oppom «Den himmelske freds plass» og kika utover Husbygarden. Og vi avslutta turen der vi starta, i Hallagrenda. Både turleiar Trygve Halle og alle turgåarane var svært godt fornøgde etter ein retteleg triveleg kveldstur utanom allfarveg!

Bildegalleri frå trimturen til Hyllå og Pettlia  – Alle foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 19. mai 2015, 10:40