Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fin auke i besøkstalet på Todalen.no

Fin auke i besøkstalet på Todalen.no

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. januar 2011

Heilt sidan starten i august 2009 har det vore fin utvikling i besøkstala på Todalen.no.  Frå den spede start, med 1.910 som var innom den første månaden hadde vi toppmånaden i november 2010 med 15.500 besøk. Derav var det 2.920 unike (forskjellige) besøk. Dette er vi sjølvsagt godt nøgd med, og vi reknar nok med at taket snart er nådd no. Det har vore jamn auke heile tida og i desember 2010 var det 14.770 som var innom. Det er ein auke på 89 %, frå 7.787 i desember i fjor.

Gjennom heile 2010 er det 154.328 som har vore innom, og 20.254 unike besøk. Til saman har det vore over 380.000 sidevisningar. Etter framsida er det ”Dagens bilete” som størst interesse.

Dett er tal som overstig alle prognosar vi har hatt, og det viser nok at det ikkje er berre todalingane som er innom sida.

Vi er nok ein stor takk skuldig til alle som har sendt oss tips, bilete og informasjon om ting som vi har lagt ut. Dette har gjort at vi kan presentere variert stoff som mange har interesse av. Fortsett med det!

Takk til dykk alle for den store interessa for Todalen.no, og for at dykk kjem att ”kvar einaste dag”!

Helsing redaksjonen

Elinor, Ole Petter og Jon Olav.

Først publisert: 4. januar 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 3. januar 2011, 23:03