Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ferske fjes – men hausta stor applaus…

Jon Olav Ørsal Måndag 28. desember 2015

Publikum sette stor pris på julerevyen ”Rikets tilstand” i Todalen ungdomshus 3. juledag. Ei god blanding av rekruttar og veteranar på scena, og eit ungdommeleg publikum vart ein fin miks som ga ”stinn brakke” gjennom halvannan time med artig underhaldning frå scena.

Det var skikkeleg respons frå publikum og det verka nok positivt på aktørane som ytte sitt beste frå scenekanten. Artig var det og at ”milleniumsborna” som dei kallar seg fikk så god mottaking frå publikum som fekk seg mang ein god latter gjennom forestillinga – vi får nok sjå meir frå dei etter kvart. Dei gjorde og suksess med sitt innslag frå Kaffekroken og har nok studert både retorikk og ”spesialitetar” for kvar enkelt og hadde mange artige og slåande poeng – som enda ut i ein artig dansekonkurranse.

Boefjord_eldreomsorg_5770

Innslag frå Bøfjordrevyen – Lars Settemsdal, Ivar Arne Bøe og Gunnhild B. Bøe. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Elles var det både veteranar og gjesteartistar på scena. Ei gruppe frå Bøfjordrevyen fekk god respons på innslaget sitt om eldreomsorgas mange mulegheiter for misforståingar og problem i kvardagen etter kontakt med chilligryta på ”heimen”.

I ei tid med skuledebatt og nedleggingstrua skule var det naturleg med eit innslag, der Lars Sæter song og svogeren Jørgen Todalshaug akkompagnerte på gitar – om nettopp dette temaet. I denne avdelinga fikk vi også ein dose med ”høgprosa” som Nils Ove Bruset kalla det – eit dikt som var inspirert av Jan Erik Vold – der han rakk å innom mange emne. Visesong vart det også bydd på – Jo Sverre Sande fekk mykje applaus for sine to viser ”Glad du ser meg” og ”Takk for at du kom” med egne tekster.

Kan bli litt komplisert når stefar skal sørge byssan lulle i seng. Ola Bolme og Eirik T. Hansen. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Beste karakter og artigaste innslaget var nok ”Byssan lull” – ein dialog som viser kor komplisert det kan være for ein stefar å roe ned ”minsten” for natta. Ola Bolme og Eirik Telstad Hansen gjorde suksess i sine roller i dette sinnslaget. Avslutningssongen var ”Song til Todalen” – ei tekst som vart skriven av Jørn Husby til ein tidlegare julerevy – ei tekst som er like aktuell i dag.

Avslutningssong_5838

Avslutning – alle på scena i ungdomshuset. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Bildegalleri frå julerevyen – «Rikets tilstand»  –  alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 28. desember 2015, 10:00