Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ferien er slutt, ny runde med Kløverturar! Blir du med ut på tur?

Dordi Jorunn Halle Torsdag 9. august 2018

No er det tid for ny Kløvertursesong. Første turen i haustsesongen blir måndag 13. august. Som vanleg er det oppmøte Halsbua kl. 11.00, og turmålet er Svinvikrunden.

Vi kjører i lag frå Hals og utover til Svinvika. Vi går heile eller delar av Svinvikrunden – litt etter ver og form. Er det fint ver, er det kjekt å ta ein «kaffepause» oppå Kammen.

Vi håpar mange blir med ut og gå, både «gamle» og «nye» turgåarar. Det er triveleg å gå i lag, og det gjer så godt!

Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Spennande å trø i gamle vegar! Foto: Dordi J H

Ei påminning: Svinvikrunden er med i avstemminga om den beste turruta i turskiltprosjektet som Friluftrådenes forening og Gjensidigestiftelsen har på gang. Har du ikkje stemt enno, så er det anledning til å gjere det fram til 31. august.  Stem her!

Dei som stemmer er med i trekning om turutstyr for heile familien.

Vegen gjennom Kammane mot Svinvik. Foto: Dordi J H

 

Publisert: 9. august 2018, 22:33