Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fellestur til Svinvika

Elinor Bolme Sundag 10. mai 2015

Ordførar i Surnadal kommune, Lilly Gunn Nyheim, inviterer alle med på tur i Svinvika onsdag 13. mai. Turruta for dagen er den såkalla «Svinvikrunden» om gammelvegane i Svinvika.  Ordføraren vil sjølv leie turen, og er svært glad for at Sven Olav Svinvik blir med som kjentmann og guide.

I etterkant av rundturen byr ordføraren på gratis kake og kaffe i kafeen ved Svinviks arboretet.  Da kan også den som ønskjer det løyse billett og sjå seg om i den botaniske hagen der det no stadig er nye planter som blomstrar. Rundtur og servering er som sagt gratis.

Dersom du vil vera med, møter du opp på parkeringsplassen på øversida av vegen i Svinvika, like ved der turstien startar, onsdag 13. mai kl. 18.30.

«På tur med ordføraren» er eit årleg opplegg initiert av Nordmøre og Romsdal friluftsråd. Surnadal hadde sin første «tur med ordføraren» i fjor, sidan det var kommunens første år som medlem av friluftsrådet. Mons Otnes var da turleiar for ein tur til Svorka og Bjorvollen i Bøverdalen.

Meir om rundturen i Svinvika finn du her:  http://mrfylke.no/Morotur/Turar/Svinvikrunden

Foto: Norunn Holten, frå ordførarturen i fjor.

Først publisert: 10. mai 2015, 15:00 - Sist oppdatert: 9. mai 2015, 07:30