Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fellestur til Svartvatnet på Nordmarka

Dordi Jorunn Halle Tysdag 3. september 2019

Onsdag 4. september arrangerer Stikk UT! Surnadal i lag med trimgruppa i Bæverfjord IL fellestur til Svartvatnet på Nordmarka. Det er start frå parkeringa i Seiglia kl. 17.30, nedst i vegen ned frå Nordmarka til Bøverfjord. Dette er ein tur som passar for alle, både liten og stor! Det blir servering av frukt og sjokolade.

Dette arrangementet er eit av mange trimarrangement over heile landet da det no er «Friluftslivets veke»  frå 31. august til 8. september.

Turen til Svartvatnet startar frå Bøverfjorden, eit par hundre meter ovanfor det første huset på Nordmarkssida og går etter ein skogsveg opp til vatnet. Parkering på nersida av vegen på ein liten lunningsplass litt ovanfor der turen startar, men det er også parkeringsplassar på øversida av hovudvegen. Turen er litt over 3 km lang t/r  og med jamn stigning.

Alle er velkomne til å bli med ut på tur!

Det er riktig mange som er ute på tur, både Stikk Ut! og andre turar. Det er stor aktivitet knytt til  Stikk UT!-turmåla i nærområdet, så dette er eit fint trimtiltak og er positivt for folkehelsa.

Stikk UT!-sesongen er frå 1. mai til og med 31. oktober. Litt statistikk for sesongen så langt:

På Tjønnmyran er det 500 registrerte turar, Svinvikrunden har 983 registrerte besøk, men det er godt over dobbelt så mange som har skrive namnet sitt i boka der! Altså framleis eit svært populært turmål!

Andre turmål:
Bjøråskaret er regsistrert med 130 besøk, Storsetra 452, Haugasetra 260, Kristiansvarden 155. Turmålet med flest registrerte Stikk Ut!-turar i kommunen er Kleiva med 1130 besøk!

GOD TUR! 

Publisert: 3. september 2019, 08:17