Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Felles middag på kyrkjelydshuset i Surnadal

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 24. november 2021

Onsdag 1. desember inviterer kyrkja i Surnadal til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei. Middagen blir servert mellom klokka 16:00 – 16:45. Så er du lei av ofte å måtte ete middag åleine, er det triveleg å kunne ete middag saman med nokon fleire av og til? For travle småbarnsfamiliar er det av og til godt å kome til dekka bord og sleppe oppvasken etterpå! Dette vil kyrkja i Surnadal no gjere noko med, og inviterer difor til felles middag på kyrkjelydshuset på Skei

Dørene opnar klokka 15:30 og middagen blir servert mellom klokka 16:00 – 16:45. Frå klokka 17:00 vil det vere aktivitetar for barna, medan dei vaksne kan sitje rundt borda, ta ein kopp kaffe og prate saman. Treffet blir avslutta med eit kort treff!

Pris per person er kroner 50, – for vaksne og gratis for barn opp til 12 år. Det er mogleg å betale med Vipps og kontantar.

Påmelding skjer ved å ringe eller ved å send SMS med antall personar til Elsa Jensvold på mobil 995 18 162 innan måndagen før, det vil seie måndagane 6.9, 4.10, 1.11. og 29.11.

Kyrkja i Surnadal ønskjer alle velkommen til felles middag!

Heile invitasjonen kan du lese her: «Felles middag 1. desember»


Medlem i Todalen.no  – 


 

Publisert: 24. november 2021, 09:00