Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feira leikeplass med 60 på kakekalas

Jon Olav Ørsal Sundag 7. august 2016

Søndag ettermiddag feira Husby Vel i Bekkerhagan nyopning av leikeplassen sin. Den gamle leikeplassen var nedslitt og hadde behov for ei ansiktløfting. Etter 125 dugnadstimar er både leikestove, nytt gjerde, ballvegg og ny platting på plass, og søndag vanka det både kaffe, blautkake og mykje anna godt til 60 gjestar som møtte fram på opninga.

I sommar har det vore arrangert fleire dugnadskveldar for å få alt på plass, og no står leikeplassen fram som spilder ny. På opningsdagen var det sjølvsagt opning med snorkløpping, der ordførar Lilly Gunn Nyheim og Liv Dalsegg frå Surnadal Sparebank saman med Ådne, Selma og Markus.

Selma kløpte snora, medan Liv, Markus, Ådne og Lilly Gunn assisterte. Foto. Jon Olav Ørsal

Bidragsytarar til prosjektet har vore Talgø med komplett leikestove og gjerde i MøreRoyal, medan banken og kommunen har bidrege med kr 5000 kvar. I tillegg har Matkroken Todalen bidrege med blomsterjord bidrege med blomsterjord. Sponsorane var sjølvsagt inviterte til opningsfesta, der det både var talar og musikkalsk underhaldning på programmet. Familien Gjeldnes/Skjerve som er nyinnflytta, fikk eit plommetre i innflyttingsgåve frå dei nye naboane sine.

Bildegalleri frå opningsfesta av leikeplassen i Bekkerhagan.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 7. august 2016, 17:59