Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Feira 100 år – litt av ein festdag for Todalen sanitetsforening

Jon Olav Ørsal Laurdag 9. april 2016

Laurdag ettermiddag vart litt av ein festdag for Todalen sanitetsforening, som feira sin 100-årsdag saman med sambygdingar og innbedne gjestar i Todalen ungdomshus. For ein gongs skuld var alle sanitetskvinnene gjestar i eige arrangement, og hadde sett bort bevertninga til HammerStuene for at alle medlemane skulle få ta del i feiringa. Det vart 4 timar i festleg lag, med ei fin blanding av høgtideleg jubilering, festtale, fagleg input og mykje godt humør og latter.

DSC_8252

Leiartrio på forskjellige nivå. Frå venstre leiar i Todalen sanitetsforening Maren Ansnes, leiar i Møre og romsdal sanitetsforening Ellinor bolme og organisasjonleiar i NKS Ellen Sofie Egeland. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Leiar i Todalen sanitetsforening, Maren Ansnes, kunne ønskje eit nærast fullsett ungdomshus velkomne til jubileumsfest for 100-årsjubilanten. Ho fortalte om aktivitetane i foreninga og retta ein stor takk til alle som har vore med og gjort det muleg å feire 100-årjubileum i foreninga – ein spesiell takk til retta ho til bygdefolket som alltid tek i mot saniteten med opa pengebok.

Neste post på programmet var Astrid Talgø som skildra tippoldemora Thora Talgø som var ei av eldsjelene for å stifte Todalen sanitetsforening og som var første leiaren i foreninga. Astrid Talgø arbeider no med å skrive ei masteroppgåve om tippoldemora, som også var ei av dei første industrikvinnene i området, da ho dreiv Talgø Møbelfabrikk i ei årrekkje etter at ektemannen Thore døydde.

DSC_8080

May Elisabeth Holten tok ein gjennomgang av historiske høgdepunkt. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Vidare tok May Elisabeth Holten oss med på ei historisk reise gjennom 100 år i sanitetskvinnenes arbeid i Todalen. Frå den spede start og fram til i dag, der ho presenterte viktige milepelar i drifta. I starten var det mest helsearbeid og opplysningsarbeid. Å kjempe mot sjukdomar som tuberkulose og andre sjukdomar prega starten, og foreninga lønna ein lang periode inntil 3 sjukepleiarar. Tannhelsa til folk var også sental den første tida, samt kreftundersøking og mammografi. Det største økonomiske løftet som er gjort i 100-årsperioden var nok bygging av Sanitetshuset med 4 bustader og møterom i 1980. Elles kan vi nemne aktivitetar i fleng som foreninga står for og som skaffar inntekt til drift av foreninga og midlar til aktivitetar både lokalt og sentral i Norske Kvinners Sanitetsforening. Gjennom heile perioden har sanitetskvinnene klart å tilpasse drifta til aktuelle tema som er rett i tida, og foreninga er i meir livskraftig enn nokon gong i jubileumsåret.

Festtalen var det organisasjonsleiar i NKS, Ellen Sofie Egeland som heldt, og ho var imponert over at det går an å drive ei slik forening i 100 år, og at det så absolutt var verdt å feire. – De har vore tilstede for lokalsamfunnet og har tatt tunge tak når det har vore naudsynt. Todalen sanitetsforening har også bidrege med mykje midlar til forsking og til andre prosjekt som NKS har drive. Ho poengterte av fleire av arbeidsområda som var prioriterte i starten faktisk er like aktuelle den dag i dag – f.eks. kreftforsking og forsking på typiske kvinnesjukdomar. Ho var også imponert over naturen – på turen til Todalen vart ho spesielt imponert over utsikten innover bygda når ho kom ut av tunellen på tur inn til Todalen.

DSC_8217

Gøran Bolme sørga for kulturelt innslag, og hadde skrive eiga vise til jubilanten. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Kulturelt innslag var også plass til. Gøran Bolme tok oss med på litt song og musikk. Dette hadde han delt i to bolkar – først litt øverbygdviser og seinare i programmet litt todalsviser, som han presenterte på ein humoristisk og underhaldande måte som han hausta stor applaus for. Hans siste innslag var ei vise som han hadde skrive til sanitetsjubileet, de han også engasjerte publikum i salen.

Traktering var det sjølvsagt – det er eit av varemerka til sanitetskvinnene. Som sagt var det HammerStuene som sørgja for trakteringa i dag, med varme karbonadesmørbrød og snittar. Men det var eit stort antal kaker til kaffen som medlemane i Todalen sanitetsforening hadde bidrege med.

Så var tida koma for helsingar. Det var ei lang rekkje helsingar og gåver frå lokale sanitetsforeningar og frå fylkeslaget i Møre og Romsdal. Helsing var det også frå Surnadal kommune, der ordførar Lilly Gunn Nyheim hadde med seg gåvesjekk. Terje Talgø hadde med seg gåvekort på hagemøblar til Sanitetshuset frå Talgø Invest og elles var det helsingar frå bedrifter, lag og organisasjonar i Todalen.

Siste post på programmet var Helge Gudmundsen. Han er kjent som programleiar og salmegeneral i NRK, og heldt ei inspirasjons og motivasjonsforedrag for frivillig arbeid. Han er ein mykje bruka foredragshaldar i saniteten og hadde eit nyttig og interessant innslag om motivering til frivillig innsats og arbeid. Nyttig og interessant for alle – både sanitetskvinner og andre som driv frivillig arbeid.

Elinor Bolme, som dessutan er leiar for Møre og Romsdal Sanitetsforening, var toastmaster og klarte å binde godt saman denne festdagen i ungdomshuset og samtidig halde tidsplana gjennom arrangementet. Litt av ein festdag for oss alle som fikk være med!

Bildegalleri frå jubileumsfesta til tdalen sanitetsforening i ungdomshuset.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 9. april 2016, 21:57