Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fasteaksjonen 2023 – «Saman gjer vi ein forskjell»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 9. mars 2023

Tysdag 28. mars kjem årets konfirmantar og andre frivillige bøsseberarar frå sokna i Surnadal rundt til heimane for å samle inn pengar til Fasteaksjonen 2023. I Todalen er det Todalen sokneråd som organiserer Fasteaksjonen. 

Aksjonen har i år fått tittelen «Håp i ein drope vatn». For eit håp kan faktisk ta til med ein drope vatn! Vatn kan endre eit liv, ein landsby og eit land. Femtenåringen Deodata Julius i Tanzania er eit døme på korleis vatn kan forandre liv. Tidlegare måtte ho gå tre timar, to gongar dagleg, for å hente vatn til familien sin. Ho vart trøytt og sliten av den tunge vassberinga, og droppa difor ofte skulen. Da landsbyen fekk brønn, byrja Deodata på skulen att. No drøymer ho om å bli lege.

Tilgang til reint vatn gjev positive ringverknader, og har forandra livet i landsbyen Deodata bur i. Sjukdomar, som smitter via vatn, er reduserte, og reint vatn har ført til betre helse. Tilgang på vatn gjer også at bøndene kan effektivisere jordbruket. Smarte dryppsystem gjev dei moglegheiter for ei tredobling av inntektene sine, og gjer også bøndene betre rusta i høve til klimaendringar. Det er med andre ord «håp i ein drope vatn»!

Foto: Kirkens Nødhjelp

Fasteaksjonen gjev Kirkens Nødhjelp handlingsrommet dei treng for å forandre liv på sikt, men også moglegheit til å redde liv i akutte krisar og katastrofar. Takka vere innsamla midlar, frå mellom anna fjorårets fasteaksjon, var det mogleg for Kirkens Nødhjelp å gje akutt nødhjelp til flyktningar, da krigen i Ukraina braut ut.

I Syria gjev Kirkens Nødhjelp katastrofehjelp til dei jordskjelvråka, i form av mat, vatn, hygieneartiklar og teppe. Skular, kyrkjer og moskear gjev husly til mange huslause. Samarbeid med lokale partnarar gjer det mogleg å starte hjelpearbeidet raskt, når krisar og katastrofar råkar.

-Dugnadsånda og gjevargleda som kjem til syne gjennom Fasteaksjonen bidreg til å skape håp og forandring verda over, seier diakon Gro Hauge Venås, lokal leiar av Fasteaksjonen i Surnadal og Rindal. – Saman gjer vi ein forskjell, avsluttar ho.  

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 9. mars 2023, 06:00 - Sist oppdatert: 8. mars 2023, 18:31