Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Fann kalvane i Romådalen

Fann kalvane i Romådalen

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. september 2010

Onsdag var 6 av dei 7 kalvane som var borte i Romådalen funne. Det var Gudmund K. Kvendset som var på sauleiting i Steintælfjellet som observete kalvane i Litjbotn, som er ein sidedal til Romådalen. Torsdag vart dei henta ned til bygda av Åshild og Trygve. Den siste kalven var ikkje i lag med dei andre, og dei trur at den har forulykka på eit eller anna vis.

Det har vore mange turar for å leite etter kalvane, og gleda var derfor stor når dei vart funne. Det vart ein stabasiøs tur ned til bygda med kalvane, og dei var ikkje heime før kl 19 om kvelden. Kalvane vart etterlyste på Todalen.no tidlegare i haust, og ingen har sett dei sidan i juli. Da beita dei fredeleg på Husby-stølen. Dei rettar ein takk til alle som har brydd seg med å sjå etter dei sakna krøttera i Romadalen i haust.

Publisert: 23. september 2010, 22:00