Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Familiedag på Søysetøran

Dordi Jorunn Halle Laurdag 14. september 2019

Idrettslaget Søya melder at det er familiedag på Søysetøran søndag 15. september frå kl. 11.00. Det blir spennande natursti i barnevogn-venleg terreng. Varme grillar for medbrakt grill-/bål-mat. Det blir spandert bålkaffe på dei vaksne og litt godis til ungane. Premie til dei som deltek på naturstien.

Det er trimgruppa som er arrangør, og arrangementet er eit ledd i feiringa av 100-årsjubileet til IL Søya.

Små og store er hjarteleg velkomne!

Publisert: 14. september 2019, 10:08