Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Første sykketrim

Første sykketrim

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. mai 2011

Onsdag arrangerte TIL’s trimgruppe den første sykkeltrimmen, der Bordholmen var eit sentralt samlingspunkt og arena for deltakarane. Første kvelden var det 46 som meldte seg for å ta del i sykkelaktivitetane, men det var nok mange fleir som var der og deltok i det sosiale livet omkring arrangementet, seier ledar i trimgruppa Jostein Bruset. Alle er velkomne til til å ta del i sykkeltrimmen. Sjølv om du ikkje vil sykle, så kan du ta med barnevogna, trehjulsykkel, eller du kan berre kom som du er og ta del i det sosiale.

For dei som tek med sykkel, så kan dei sykle så langt dei vil og kvar dei vil. Hensikten med arrangementet er at folk skal kome seg ut og så kan ein tilpasse aktiviteten etter eigne ønskjer. Den første kvelden var det nok mange som nytta høvet til å sykle rundt bygda. Nokre sykla litj-rundt, medan andre sykla stor-rundt. Elles kan du sykle utover Ansnesvegen eller til Brusetmarka eller til Nordvik. Hugs at du skal ha lys på sykkelen dersom du kjører gjennom tunnellen, og det lønner seg nok å være forsiktig utover stranda, der det ofte er stor fart på bilane.

Medan sykkeltrimmen foregår er det loddsalg, der hovudpremien er eit gavekort. Dette blir trekt siste kvelden det er sykkeltrim. Elles minner trimsjeg Jostein Bruset om at det no er fine forhold for den som ønskjer å gå til trimpostane. Det er trimpostar på Gammelsetra, Løfta, Haukarsteinen, Dalasetra, Talgøsetra, Storhaugen, Tårnet, Fauskhjellen og Ansnessetra.

Vidare utover våren og sommaren er det sykkeltrim  desse kveldane 25.5., 8.6., 22.6., 3.8., 17.8., 31.8. og 14.9.

Nedafor finn du eit bildegalleri fra sykkeltrimmen sist onsdag.        Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 12. mai 2011, 18:15