Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Første røra til snøkanonanlegg ankommet

Første røra til snøkanonanlegg ankommet

Elinor Bolme Fredag 5. april 2013

Som dei fleste kanskje har fått med seg, har arbeidet med å få i stand snøkanonane i Surnadal Alpinanlegg no komme i gang. Rangnhild Ansnes Moe ved Pipelife har i dag sendt oss eit bilde frå det første rørlasset med PE-trykkrøyr frå Pipelife Norge avdeling Stathelle som no er ankomme Surnadal Alpinsenter.

Røra skal brukast til den 2,5 km lange røyrtraseen som etter kvart skal resultera til dei etterlengta snøkanonane. 12 meter-røra skal sveisast til lengder på 200-meter før dei blir slepa oppover alpinbakken og fram til Sjøasetervatnet der vatnet til snøkanonane skal takast frå.

Foto: Anne Lise Holten, Pipelife

Publisert: 5. april 2013, 14:17