Første laks i morgontimane - Todalen.no

Første laks i morgontimane

Kvart over 7  i dag tidleg kom den første laksen på land. Det var ein firekilos rugg som vart lokka fast på kroken av Per Ørsal. Per har vore ivrig fiskar heilt sia gutadagane heime på Sagtrøa, og er nok fast inventar når fisket i Toåa startar. Slik også i år, og etter å ha fått laksen på land bar det heimover med fangsten. Men han var ikkje ferdig med dette, så etter ein liten kaffepause bar det ned i elva igjen, og til Tømmermelhølen der han tok den første laksen. Og her nappa det igjen, og dermed var laks nummer to eit faktum. Denne var litt større, og veksta stoppa på mesta 8 kg. Dermed var Per ferdig med fisket for i dag, for fangstavgrensinga i Toåa er 2 laks per fiskar pr dag.

Dei to laksane, ein på 4 og ein på mesta 8 kg er fine villlaks, og Per uttrykte at dettte var nok ekte todalslaks etter fasongen å dømme. Og han hadde planene klare med tanke på bruken av laksane. Den minste kjem nok på middagsbordet på torsdag. Da skal han invitere faren Arthuer som er på sjukeheimen heim til laksemiddag. Den største skal røykjast, og den blir nok julemat.

Med ein stor plasthanske på handa gikk det bra å få i land laksane. Foto Jon Olav Ørsal

Det var ein lykkeleg fiskar Todalen.no besøkte tidlegare på dagen. For endeleg følte han at flaksen stod han bi igjen. For ein månads tid var han nemleg uheldig og mista ein finger i forbindelse med vedarbeid. Tida etterpå har vore prega av mykje smerter, og har nok sett toldmodet på ein skikkeleg prøve. Ei tid var han og spent på om årets laksesesong var spolert, men det fikk han iallfall avkrefta i dag.

Tor Lerstang med laksen på 6,8 kg. Foto: Jon Olav Ørsal

Seinar på dagen tok Tor Lerstang frå Horten ein laks på 6,8 kg i Oddøyhølen, og  i tilleg er det rapportert om eit par til så langt. Tor Lerstang er veteran i Toåa. Gjennom ei årrekkje har han hatt tilhald på Lauvås Sommarpensjonat, men etter at dei slutta med innlosjering har han hamna på Todalshytta. Dette er sesong nr 39 at Lerstang fiskar laks i Toåa, og det blir nok fleire. Lerstang fortel at det no er fine forhold i elva, og bra med fisk. Så han fortsett fisket til over helga i første omgang. Siste: Seinare på kvelden tok Lerstang nok ein laks, denne var på 5 kg.

Vi reknar med at vi får fleire rapportar frå laksefisket etter kvart, men fikk iallfall ein god start på årets sesong som i år starta 2 veker seinare enn fjorårssesongen. Fiskekort for Toåa selges hos ICA Todalen og på Todalshytta som opna for sesongen i går. Les også om Toåa på www.todalslaks.no

Medlemmar

Surnadal Lastebil Verksted AS
Viastua Gardsprodukt
IL Søya
Surnadal Pensjonistlag
AMFI Surnadal
Skogkompaniet
Surnadal Sparebank
Norsk Vandrefestival
Svorka
Surnadal Trenings- og Velværesenter
Todalen Småbåtforening
Skulstuå i Todalen
Todalen Sanitetsforening
Nordvik Grendalag
Start 4H
Gjensidige Surnadal
Rossåa Settefiskanlegg
Todalen Brygge
Todalen Idrettslag
Godt mot, Todalen
Norsk Laksefestival
Surnadal Kulturhus
Søya og Todalen Skytterlag
Todalen Elveeigarlag
Driva
Kombi Regnskap
MPs hjemmebakeri
Kårvatn Fjellutstyr
Talgø Møbelfabrikk AS
Todalen Sokneråd
Karen Oddny's heim og hagetjenester
Todalshytta
Sparebank1 Midt-Norge
AMFI Kreativ
Trollheimsporten
Todalen Bondelag
Indre Nordmøre Forsvarsforening
Surnadal Kommune
Vårsøg Hotell
Todalen Historielag
Eldremiddagen
ICA Todalen
Surnadal Regnskap AS

Kva skjer?

Aktivitetar med blå skrift kan du trykke på for å lese meir om!
    • Ons 23. mai: Søppeldag
    • Ons 23. mai: Første Sykkeltrim
    • Ons 23. mai: G12 fotballkamp
    • Tor 24. mai: Stavganggruppa pÃ¥ tur
    • Tor 24. mai: Biblioteket er ope
    • Tor 24. mai: G14 fotballkamp
    • Lør 26. mai: Pinseope i arboretet
    • Lør 26. mai: Open dag i Krigsminnesamlinga
    • Tir 29. mai: Fotterapi
    • Tor 31. mai: Søppeldag
  • Aktivitetskalender

Arkiv


Logg inn som redaktør