Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Førjulstid på skulen

Førjulstid på skulen

Jon Olav Ørsal Laurdag 18. desember 2010

Vi har fått ein stemningsrapport fra Dordi Jorunn Halle ved Todalen oppvekstsenter. Der har det vore travle tider med førebuing til juleavslutninga måndag kveld. Men no er alt klart fortel ho i ein e-post til Todalen.no:
«Men vi har både travle og trivelege dagar på oppvekstsenteret før jul: Vi har hatt kunstdag, juleverkstad, adventsamlingar og nissemarsj for SFO og barnehagen. Feiar Jon Nordvik besøkte oss onsdag, han snakka om brannvern som er eit høgaktuelt tema ved juletider. Vi ønskjer alle ei fin førsjulstid!»

No har Svetlana vaska golvet;
og vi har pynta treet!
Vi har sett ut bord og stolar,
og vi har øvd på song og skuespell,
så no er alt klart til førjulskveld!
Velkomne!

Nedafor finn du eit bildegalleri frå juleførebuingane ved Todalen oppvekstsenter.  Alle foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 18. desember 2010, 14:32