Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Søndag: Ettermiddagskonsert med Noora Noor, Dr. Bekken og Richard Gjems

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. september 2015

Søndag ettermiddag kan du gle deg til ein spennande ettermiddagskonsert på Todalhytta. Da kjem Noora Noor, Dr. Bekken og Richard Gjems direkte frå konsertpremiere i Stjørdal til Todalshytta – neste helg avsluttar dei miniturneen i Kongsvinger og i Oslo.

Dei tre utgjer ein sterk trio, med Noora Noor, vokal, Dr. Bekken på piano og Richard Gjems på munnspel – dette er det berre å gle seg til. Dette blir nærast som ein bonuskonsert på Todalshytta program for i år. Dei tre spelar saman fordi Noora lenge har hatt eit ønske om å arranger konsert saman med dei to musikarane, og Noora har også delteke på siste plata til Dr. Bekken, seier Malling.

Søndag ettermiddag er det konsertstart kl 16, men Todalshytta opnar dørene alt kl 15 og kan da by på bacalao til publikum. Billetter kan du alt no kjøpe på Matkroken Todalen, og her kan du velge om du vil kjøpe konsertbilett til kr 200 eller om du vil kjøpe billett inkudert bacalao for pakkepris kr 300.

EricMalling_1789

Eric og Ulv rundar av årets konsertsesong på Todalshytta søndag ettermiddag. foto: Jon Olav Ørsal

Todalshytta avslutta den ordinære sesongen ved utgangen av august, fortel Malling, som seier at det i år har vore færre fjellvandrarar, men fleire fiskarar enn i fjorårssesongen. Men musikalsk har det vore ein stor suksess, der både «Raus 2015″ på Gammelfabrikken og utekonsertane på Todalshytta har trekt mykje folk. Og Malling nyttar høvet til å takke publikum som har respondert skikkeleg på sommarens konserttilbodet og har fått mange positive tilbakemeldingar både frå publikum og frå artistane som har delteke.

Først publisert: 5. september 2015, 22:00 - Sist oppdatert: 6. september 2015, 14:59