Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik satsar på NC i randonee

Elinor Bolme Sundag 13. januar 2019

I helga har årets første Norges Cuprenn i randonee vore arrangert i Skorgedalen. Arrangør var Romsdal Randonee Klubb, og på startstreken i klassen ungdom stilte Erik Kårvatn for Todalen IL. Fredag kveld var det individuell sprint og Erik konkurrerte mot Edvard Sætran Solli frå Torjulvågen. Erik var sterkast begge dagane og vann klassen sin. Han har etter ein sesong som både aktiv innan fotball og friidrett eit godt grunnlag til å hamle opp med mtstandarane i motbakkane. Han satsar derfor no på å delta i så mange NC renn som muleg denne sesongen, fortel far Gudmund Kårvatn.

40 deltakarar frå ulike klubbar og ulike nasjonar stilte, til og med verdens beste utøvar Killian Jornet. Fredag kveld måtte han sjå seg slått mot ein formsterk Sondre Svendsli frå Eidsvåg. Killian tok derimot revansj på laurdagens renn og slo 2. mann Sondre med 5 minutt. 

Erik på toppen i Skorgedalen fredag kveld. Foto: Håkon Lundkvist.

Far Gudmund Kårvatn var med i støtteaparatet til Erik, og har sendt oss mange bilder frå helgas arrangement. Han fortel også at Killian ennå ikkje hadde bestemt seg for om han kom til Todalen sist i februar, men han vurderte det sterkt. 

Gudmun fortel også at det blir ny randotrening i slalombakken førstkommande onsdag.

Publisert: 13. januar 2019, 16:46