Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik kom på pallen i Børsa

Jon Olav Ørsal Sundag 12. august 2018

Under Orkla Sparebanklekene som har vore arrangert på Børsa i helga, var Erik Kårvatn raskast på 800 meter, med tida 2.10.46.  Det var små marginer og på andreplass kom Henrik Kvennås frå Byåsen på 2.10.77, berre 31 hundredeler etter.  Dette vart ny personlig rekord for Erik, med ei forbetring på 4 tideler.

Erik går i mål med knapp margin til Henrik Kvennås frå Byåsen som vart nr 2. Foto: Jens Indergård

Erik løper for Rindal I.L. i år, og har levert fleire gode resultat. Under dagens løp var det plana å løpe på 4 x 32 sekund pr 200 meter. Det vart 30 sekund på første, 35 sekund på de to neste, og så avslutta han med  30. sekund på siste distanse.  Erik som er litt småforkjølt, seier sjølv at dette er litt for ujevnt, og no vil han heim for å trene for å kome på 32 sekund pr distanse – og dermed er målet å kome ned på ei tid rundt 2.08.00 på 800 m. Men han er sjølvsagt godt nøgd med dagens løp som endte på toppen av pallen for klasse G15.

 

Publisert: 12. august 2018, 20:12