Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Er det hybridbilar som er framtida?

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. mai 2015

Denne veka måtte bilen innom bilverksted for å få ei lita «oppgradering», og fikk da høve til å prøve den nye VW Golf GTE medan min eigen bil stod på bukken. Dette er ein hybridbil – det vil seie at den har både bensinmotor og el-motor med ladbart batteri.  Det var ei arti sak og den husholderte godt med energien, og var det straum på batteriet så gikk den på straum og når det gikk tom – eller det var for lite krefter, så kobla den inn bensinmotoren.

Todalen_VWHybrid_7873

Slik ser den ut – som ein heilt vanleg og velutstyrt Golf! Foto: Jon Olav Ørsal

Da eg var innom Sveen Auto og henta bilen, så var den akkurat komen inn etter bruk. Derfor var det  lite straum på batteriet, så dermed var det naturleg vis mest bensindrift på heimturen. Sette den så på lading ei stundom kvelden . På returen neste formiddag gikk omtrent heile turen på strøm, med eit ørlite tilskot av bensindrift. Begge turane vart køyrd på «e-drift» eller automatisk regulering.

DisplayVWHybrid_7260

Eit display kunne vise kva motor som var i drift og ladestatus på batteriet. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var forresten skikkeleg drag i bilen, enten det var el- eller bensinmotoren som jobba. men dersom du ville ha litt ekstra futt, så var det ein knapp for å overstyre automatikken – GTE-knappen. Dersom du bruka den, kunne du få effekt av begge motorane, og da var det skikkeleg futt – for eksempel ved ei forbikøyring.

Prisen samanlikna med ein vanleg Golf skal vi ikkje gje oss ut på, for den har tross alt to motorar. Men til gjengjeld er den avgiftsfri, og da er den straks på høgde med ein vanleg Golf. men den er ekstrem gjerrig på bensin – og det må være bra både for lommeboka og ikkje minst for miljøet.

 

 

Publisert: 23. mai 2015, 21:00