Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Endeleg vart det trøskarvêr

Endeleg vart det trøskarvêr

Jon Olav Ørsal Laurdag 2. oktober 2010

Det blir eit katarofalt resultat av årets kornhaust på Talgø Gård i år, fortel Finn Talgø som laurdag kjørte skurtrøskaren for siste gong. No er det slutt på dyrking av korn, og frå neste sesong blir det grasproduksjon i staden.  Etter 23 år med korndyrking er det slutt, og denne sesongen blir den dårlegaste av alle.

Det starta med den kalde vinteren og djup tele, og fortsette utover sommaren med mykje regn og dermed vassjuk jord. I tillegg til sein våronn tok det mesta ein månad før kornet tok til å vokse. Dermed vart det sein modning og til slutt vart det venting på skikkeleg trøskarvêr. Dermed er ein epoke over, og neste år blir det sannsynleg nok ikkje dyrka bygg i Todalen i det heiletatt.

Publisert: 2. oktober 2010, 20:00