Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Endeleg vart det asfaltlegging

Jon Olav Ørsal Måndag 4. november 2019

Dårleg vêr og anna trøbbel har hindra asfaltlegging på området utafor Matkroken og Talgøfabrikken på Kvennset.  Men i dag var det blå himmel og ein strålande finvêrsdag og dermed troppa mannskap frå Veidekke/Lillerovde opp med utstyr for asfaltlegging i småskala.

Kaffelag etter at jobben var gjort. kaffe og Tropisk aroma var slett ikkje kvardagskost for asfaltleggarane frå Veidekke/Lillerovde. Frå venstre Terje Nordvik, Ronny Lillerovde, Bjørnar Enebakk, Geir Inge Røeggen, Tore Glærun, Ken Jøran Vatn, Josef Matiasosky og Arve Bjerkås. Foto: Jon Olav Ørsal

Arbeidet var godt førebudd, så asfaltlegginga gikk fort unna på begge sider av vegen. Dermed var det klart for kaffelag med både tropisk aroma og ferske wienerbrød i Kaffekroken etterpå. Å bli traktert med kaffe og kaker var slett ikkje kvardagskost for asfaltleggarane som tok seg tid til ein skikkeleg kaffepause etter at jobben var gjort.

Godt nøgd med resultatet. Ronny Lillerovde og Terje Nordvik konkluderer med bra resultat av asfaltlegginga. Foto: Jon Olav Ørsal

Reparasjon av asfalten på parkeringsplassen ved Talgø. Foto: Jon Olav Ørsal

Asfaltarbeid på plassen mellom butikken og Talgøfabrikken. Foto: Jon Olav Ørsal

Ferdig lagt asfalt framfor butikken – litt finpuss og så avkjøling så er asfalten klar til bruk. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. november 2019, 12:13