Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Enda eit turtips: – Åmotan og Vangshaugen

Jon Olav Ørsal Måndag 24. juli 2017

Søndag såg ut til å bli ein grå dag – utan sol og finvêr som vi har vorte vante til dei siste dagane.  Dersom dette var havskodde, så er det sikkert fint å kome seg opp i høgda, tenkte vi og da stå valet mellom to destinasjonar – enten Fjellgardane og Vangshaugen eller Aursjøvegen. – Valet fall på Fjellgardene og dermed bar det i veg til Sunndal og oppover til Gjøra, der vi svinga av frå RV70. Til Vangshaugen er det 14 km frå krysset på Gjøra.

Første stopp var på utsikten til Åmotan – der heile 7 vassdrag går saman i eit. Det er eit imponerande skue, og dersom du vi ta dette i nærare augesyn kan du ta turen til Jenstad og enten følgje vegen nedover til fots eller du kan henge deg på guidet traktorskyss nedover – noko som er eit nytt tilbud. 

Ved eit skille – her går hovudvegen vidare til Røymoen, medan vi tok av til Vangshaugen. Foto: Jon Olav Ørsal

Dersom du fortsett oppover etter fjellgardsvegen kjem du først til Svisdalen, der du godt kan spandere på enda ein stopp for å nyte utsikten – før turen går vidare til Vangshaugen og kanskje ein svipptur til Røymoen dit hovudvegen går.  Frå krysset der vegen går utover til Vangshugen er det ca 4 km fram til parkeringsplassen ved KNT Vangshugen.  Vil du kjøre lenger så er det bomveg utover Grødalen. 

På KNT Vangshaugen tek dei mot dagbesøk som kan trakterast med både rømmegraut, karbonadesmørbrød og nystekte vaflar til kaffen. Søndag var det stor trafikk i finvêret og faktisk ventetid for å kjøpe mat og forfriskninga på turisthytta. Vi nytta høvet til å strekke på beina og tok føtene fatt utover til Alfheim, før vi snudde nasen heimover igjen. 

Publisert: 24. juli 2017, 12:44