Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

EM-tippinga er i gang

Ole Petter Talgø Sundag 12. juni 2016

EM-tippinga er i gang, men det betyr ikkje at det er for seint å melde seg på. I Todalen.no sin EM-tippekonkurranse kan du tippe resultat på alle EM-kampane heilt fram til kampstart, og så langt er det 4 av 51 kampar som er ferdige. Det er fortsatt nok kampar til at du kan vinne sjølv om du ikkje var med frå starten.

Vil du vera med, går du inn på EM.Todalen.no og registrerer deg. Då kan du vera med å kjempe om poenga saman med dei 61 som allereie har registrert seg.

I første kamp mellom Frankrike og Romania, såg det ut som det var stor tro på vertsnasjonen, for absolutt alle som hadde tippa hadde Frankrike som vinnar. Det var eit stort spenn i resultata som vart tippa, men seks traff også på det. I den neste kampen, Albania mot Sveits, var også Sveits stor favoritt, og heile 14 hadde tippa 0-1 til Sveits som blei sluttresultatet.

Dei to neste kampane var ikkje tipparane like treffsikre, og berre 27% trudde at Wales skulle slå Slovakia. Enda færre, 3 spelarar, hadde trudd at det skulle bli uavgjort mellom England og Russland.

Så langt ligg to tipparar, Amund Talgø og Iver Anders Gaski, i tett med 7 poeng, medan 8 ligg rett bak med 6 poeng. Vi kjem tilbake med rapportar om korleis tippinga går ein gong i veka.

Publisert: 12. juni 2016, 04:15