Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ellevill fotballglede – sjå lagbilda her

Ellevill fotballglede – sjå lagbilda her

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. juli 2010

Det vart Nidelv som trekte det lengste strået i finalekampen mot Sunndal under Todalsdagen 2010. Nidelv førte an frå første stund og var nok overlegen gjennom heile kampen som endte med 4-0 for Nidelv. I bronsefinalen mellom Tingvoll og Træff vart det seier for 8-6 for Tingvoll etter ekstraomganger. Ved ordinær tid var resultatet 4-4 etter ein jevn kamp. Innsatsen på fotballbanen var stor til tross for at gradstokken låg på uvante høgder.
400 unge fotballtalenter var i sving på Bordholmen i dag, og det vart spela 58 fotballkamper med 496 scoringer i løpet av dagen. Det er imponerende og vi beundrer den store innsatsen som dei unge fotballspelarane vise gjennom ein lang dag med fotball. Dei trossa varmen og stod på for fullt heilt til siste kamp var slutt.
Det var gratis inngang på Bordholmen under Todalsdagen, så cupgeneral Bjørn Hauglann er litt usikker på publikumstalet, men han mener at ca 1200 var innom Borholmen i løpet av dagen. Hauglann skryter av dugnadsgjengen som har stått på for å få arrangementet til å gli, og godt nøgd med resultatet av salget både når det gjelder mat og friskningar med ein uke på 10% i forhold til fjoråret. Loppemarknaden og lotteriet gikk også bra, så han reknar med at det blir ein god slump i overskot til fotballgruppa i Todalen idrettslag.
Hauglann fortel at det var mange av gjestelaga som skrytte av gjennomføringa av arrangementet, og dei klarte å halde tidsskjemaet gjennom heile arrangementet. Det var også manga som sette pris på at arrangementet vart gjennomført uten deltakaravgift for laga. Men godt salg av mat og drikke, og ikkje minst godt loddsalg i lotteriet kompangserte for desse intektene, seier Hauglann.
I trekninga for lotteriet gikk hovudgevinstane til Jenny Kvendset (Playstation 3) og Martine Redalen (Flatskjerm-TV) etter eit forykande loddsalg.
Hauglann slepper også nyheitsbomba om at han tar på eit år til som cupgeneral for Todalshelga. Dette var artig, sier han til slutt til Todalen.no.
Nedafor har vi lagt ut bilde av alle laga. Alle laga vart nemleg fotografert under premieutdelinga. Er det bruka feil navn er det fint om du sender oss ei melding som e-post til: red@todalen.no.     Alle foto: Jon Olav Ørsal ©

Først publisert: 3. juli 2010, 23:25 - Sist oppdatert: 4. juli 2010, 11:48