Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Elise Brøske ny leiar i Surnadal Senterungdom

Elinor Bolme Måndag 12. september 2016

Fredag 09.09.2016 held Surnadal Senterungdom årsmøte på kommunehuset i Surnadal. Det vart handsama vanlege årsmøtesaker, samt val av nytt styre. Elise Brøske vart vald som ny leiar.

Det vart vedteke ei arbeidsplan som har som mål å styrkje det ungdomspolitiske arbeidet i Surnadal i året som kjem. Med ny leiar og ny giv har Surnadal Senterungdom no mål om å nå nye høgder.

Marit Henreitte Mo Sandberg takka for seg etter to år som leiar; «no var tida inne for å sleppe til nye krefter, studiar i Trondheim har gjort det krevjande å få til den høge aktiviteten vi ønskjer å ha i Surnadal Senterungdom.» Vidare ønskte ho den nye leiaren Elise Brøske lykke til i arbeidet: «Det å vere leiar i ein ungdomsorganisasjon er både givande, lærerikt og utfordrande. Uforutsette ting dukkar opp i ny og ne, men aller mest er det utruleg triveleg. Eg trur Elise vil vere i stand til å drive Surnadal Senterungdom mot nye høgder saman med det nye styret, som har ein god blanding av nye og kjente fjes.»

Brøske ser fram til å ta fatt på vervet som ny leiar: «Trur dette blir spent, eg har ikkje vore så aktivi i politikken før, så det er litt nytt for meg, men samtidig har eg lært litt tjuvtriks heimafrå, då. Det blir rett og slett ei gau utfordring å gå rett inn i leiarvervet!»

Brøske er òg vald som Surnadal Senterungdoms utsending til Senterungdomens landsmøte på Sola utanfor Stavanger 4. – 6. november.

Surnadal Senterungdoms nye styre ser slik ut:

Leiar: Elise Brøske

Nestleiar: Eirik Klinge

Økonomiansvarleg: Lilly Viktoria Mo Sandberg

Styremedlemmar: Ingebrigt Løfaldli, Sondre Ormset og Edvard Bele Sæterbø.

Vara: Marit Henriette Mo Sandberg, Roger Schei Bergheim og Iselin Faksnes.

Publisert: 12. september 2016, 16:00