Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Elevtreff med bokslepp

Jon Olav Ørsal Måndag 17. september 2018

Laurdag ettermiddage er det elevtreff på Husmorskulen på Halsa.  Det skjer i samband med boksleppet for «Historia til Halsa Vidaregåande Skole», som Einar Oterholm har ført i pennen. Denne boka er nærast ei fortsetting av «Historia til Nordmøre Husmorskule». Den nye boka omhandlar altså tida etter at skulen vart fylkeskommunal og skifta namn og driftsform i 1977 og fram til skulen vart nedlagt i 2001. No samlar dei altså troppene og arrangerer elevtreff komande laurdag ettermiddag.

Boka om Halsa vidaregåande skole har mange bilder frå det som har skjedd på skulen – gamle elevar har vore flittige bidragsytarar, seier forfattaren.

Elevtreffet blir arrangert i Stornaustet  på Halsa, ettersom den staselege hovudbygninga på Husmorskulen brann ned til grunnen i 2014.  Ein telefon til  Torgunn Henden som var rektor på skulen i mange år, avslører at det er skikkeleg respons på elevtreffet og no i helga var det påmeldt over 160.  – Og det er framleis plass til fleire fortel Torgunn, som tek imot påmeldingar på telefon 480 66 625.  – Vi skal ha enkel servering på elevtreffet så det er berre å ringe og melde seg på, og ho garanterer at dette blir artig.  I tillegg til boksleppet er det både underhaldning og presentasjon av historia til skulen, men også sett av tid til å prate med gamle elevkolleger.

 

Publisert: 17. september 2018, 10:43