Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Eksosrype for ein dag!

Eksosrype for ein dag!

Elinor Bolme Tysdag 1. mai 2012

1. mai og saulamming blir ofte omtala som «Vårens vakraste eventyr». Underteikna har ikkje delteke på saulamming i år, men fekk i dag være med mannen på motorsykkeltur. Og 1. mai er som kjent ein merkedag for motorsykkelentusiastar i heile landet. I vårt område går den tradisjonelle turen rundt Trollheimen. For oss betydde det samling på Skei på føremiddagen for dei med tilhald fra Surnadal og Halsa, for så å bevege seg nordover om Storås, Berkåk, Oppdal og ned att om Sunndalen for å ta ferga over fra Rykkjem til Kvanne.

Rundt 30 syklar starta frå Skai, og fleire i reisefølget hadde vore med på rumdturen tidlegare. Første stopp vart på Bolme, der rindalingane var samla ved RV65, for felles avreise. At det blandt motorsykkelentusiatane er ein tradisjon er lett å forstå, men ein såg det også tydelig på alle dei som venta på den lange rekkja av syklar som kom attmed vegen. I det fine veret satt det folk på dei fleste verandaer og terrassar, mens det i Meldalskrysset sto langt over 50 mann å venta. Ganske spesielt! Den eldre dama på Rindalsskogen som var ute og lufta hunden angra sikkert på valg av tidspunkt.

På Berkåk og Oppdal vart det kaffepause og beinstrekk, for den som følte for det…ikkje alle er like godt vant til slik transport så ein pause i ny og ned kjem oftast godt med. Samstundes var det stor forskjell på motorsyklane, der nokon ligg «breitt» på vegen med både armlen og ryggstøtte til både sjåfør og passasjer. Medan vi andre (les: todalen.no) som satt på ein sykkel som var meir bygd for fart, til ei kvar tid må halde fokus på vegen og følgje sjåføren for ikkje å bli ei belastning for sjåføren, utan å ha noko handfast å halde seg fast i. Ein fin øvelse for ektepar for eksempel, der ein heilt enkelt lyt lite på at begge gjer det som er forventa. Men med dagens vegstandard, er det ikkje rom for mykje gap kjøyring, men ei og anna strekning vart funne.

Også på Sunndalsøra vart det ein kjapp stopp før vi sikta oss inn på ferga heimatt. Og der vart vi ikkje åleine. Da fergelemmen for att var det langt borti 100 motorsyklar på dekk. For å klare ut med denne enorme trafikken, hadde fergemannskapet sett ein av matrosane til å ta betaling på førehand medan ferga var på tur over til Kvanne, slik at det var berre å kjøyre ombord. Anslagsvis gjekk det mest truleg 3 eller 4 slike fulle ferger utover ettermiddagen, og det var litt av eit leven før fergelemmen gjekk opp og dei strøyma av. Nokon i roleg tempo, andre med litt meir adrenalin. Dette er dagen for å vise fram sitt kjøretøy, på den eine og andre måten. Forhåpentlegvis utan uhell.

 Ein strålande tur i supre åpne omgivelser dokumentert med  iphone av Elinor Bolme, som satsar på å få bli med neste år også. 

.

Publisert: 1. mai 2012, 21:20