Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit samla styre tek gjenvalg

Elinor Bolme Laurdag 1. april 2017

Torsdag kveld var det Todalen Idrettslag sin tur til å avhalde sitt årlege årsmøte. Vel 20 av 230 betalande medlemmer møtte fram for å gå igjennom alle dei ulike undergruppene sine årsmeldingar, rekneskap og ikkje minst årets valg.

Årsmeldingar

Alle undergrupper og hovedstyret har alltid eigne årsmeldingar. Desse viser stor innsats av både idrettsaktivitetar og ikkje minst stor dugnadsaktivitet. Trimgruppa er nok den aller mest aktive undergruppa, med mange arrangerte fellesturar i 2016 og sine 9 trimbøker rundt om i Todalen.

Ski og friidrettsgruppa hadde fått til fleire vellykka arrangement på Tjønnmyra, medan fotballgruppa hadde dei store arrangementa som 17. mai frukost, Todalsdag og 3. dagsfest på si årsmelding.

Skrivar Rune Moe, og møteleiar Nils Ove Bruset let ikkje mykje gå forbi.

Underskudd med nesten 40 000

På tross av god aktivitet viste regnkapet eit lite underskot på 39 829 kroner. Dette kan delvis forklarast med opparbeidinga på Tjønnmyra, og at det ikkje hadde vore arrangert basar i året som gjekk. Kasserar Mickal Heimlund tok over ansvaret av rekneskapen ei stund etter årsmøtet i fjor og gjekk igjennom det nye oppsettet. Nytt av 2016 var at Idrettslaget hadde «sett bort» regnskapet til Surnadal Regnskap og ny oppstilling vart litt uvant for deltakarane.

Michal Heimlund losa årsmøtet gjennom regnskap for 2016, med god hjelp frå leiar Steinar Frøystad og Knut Bergli.

Ny medlemskategori

Som inkomma sak frå hovedstyret vart det fremma forslag om å stryke dagens medlemskategori familiemedlemskap til fordel for kun personlege medlemskap. Dette etter påtrykk frå Norges Idrettsforbund som no har endra retningslinjene for medlemskap i dei ulike idrettslaga. Dette vart einstemmig vedteke, og styret set snart i gang siste innspurt for å få registrert alle todalingar i det nye medlemsregisteret. Det er på bakgrunn av desse opplysningane om den enkelte at faktura blir utsendt. Styret i idrettslaget vil etter kvart komme med ytterlegare informasjon om korleis den enkelte kan registrere sine opplysningar i det nye systemet.

Medlemskontigenten vart enstemmig vedteke til 150 per pers.

Med eit tre timar langt årsmøte er det behov for påfyll. Kaffe og litt godt til gjer susen for siste del av saklista.

Nytt år med nye investeringar

Årsmøtet vedtok også at idrettslaget skal investere i nytt utstyr til oppkjøyring av skiløyper på Tjønnmyra i åra framover. Ståle Ansnes vart saman med hovedstyret ansvarleg for innkjøp av ein ny skjeldalsfres på ei kostnadsramme på 130 000 kr eks mva. Dette gjorde naturleg vis utslag på framlagt budsjett, som til slutt enda på vel 90 000 i pluss etter små justeringar frå dei frammøtte. Tjønnmyranlegget er kostnadsrekna med 210 000 i 2017, pluss 10 000 for ei enkel toalettløysing der oppe. Ellers er det ingen planer om store utbetringar på nokre av eigendomane som idrettslaget driv dette året.

Valg på 1-2-3

Valget var det mest effektive på saklista. Valgkomiteen med leiar Terje Nordvik og medlemmane Carina Talgø og Terje Talgø hadde ein enkel strategi på årets valg. Den som ikkje hadde sagt opp fekk automatisk fornying av verv. Konstituert kasserar Michal, som ikkje hadde vorte veld på fjorårets årsmøte ba om fritak på varigheit på 2 år. Han tok berre vervet i 1 år. 

Ellers tok heile hovedstyret gjenvalg med Steinar Frøystad som leiar, Steffi Bohle nestleiar, Michal Heimlund kaserar og Rune Moe Sekretær. Desse utgjer arbeidsutvalget, saman med leiarane i dei ulike undergruppene.

Sjå alle dei tillitsvalde her: Tillitvalde i Todalen Idrettslag 2017

 

Først publisert: 1. april 2017, 10:00 - Sist oppdatert: 31. mars 2017, 22:58