Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eirik: -Tolkar Inger Hagerup på todalsk….

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juni 2016

Eirik Husby har «figurert» i spaltene våre fleire gong før. – Eirik bur i Oslo med sin familie og har sitt daglege virke som ergoterapeut i Veidekke. Eirik har alltid vore interessert i song og musikk, og har drevet denne hobbyen litt lenger enn gjennomsnittet. Mellom anna har han saman med brørne Lars Olav og Jan Peter teke på seg spelejobbar både lokalt på Nordmøre og i Oslo, og musikken hans har vore mykje nytta på NRKs lokalsendingar her på traktene. No er han «aktuell» på Todalen.no med sine tolkingar av Inger Hagerops barneviser på todalsk.

Arkivbilete av Eirik (til venstre) saman med brørne Jan Peter og Lars Olav. Foto: Jon Olav Ørsal

Arkivbilete av Eirik (til venstre) saman med brørne Jan Peter og Lars Olav som opptrer på Pakkhuset på Todalsøra. Foto: Jon Olav Ørsal

Han har rett og slett oversett tekstene til todalsk og gjort opptak av disse – opptaka vil ha no dele med lesarane på Todalen.no og vi har laga ein link til disse. Vi reknar med at Eiriks egne barn har vore prøvekaninar for prosjektet og dermed godt vant til todalsdialekta

Berre klikk på linken,  så er du i gang med Eiriks tolking av Hagerups barneviser.  Velbekomme – og stor takk til Eirik!

Vi snakka med Eirik på telefon i dag, og han var saman med familien i Dyreparken i Kristiansand – så neste prosjekt blir kanskje inspirert av Kardemomme by eller «Dyrene i Afrika»?

God helg frå oss i redaksjonen!

 

 

 

 

 

Publisert: 11. juni 2016, 09:51