Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ein sommar er over – sikkert haustteikn..

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. september 2019

Når Teigan Maskin kjem for å montere vegstikker langs fylkesvegane i bygda, da er det haust i emning.  I år som i fjor er det iallfall Rolf Ove Røv frå Teigan Maskin som har fått jobben med å sette ned vegstikker. Og det gjorde han effektivt – det var ikkje mange minutta han bruka frå Kvennset og nedover til Todalsøra.

Men så har han da også spesialutstyr for slikt arbeid på traktoren, og treng ikkje lenger spett og anna utstyr.  Her blir det boret hol med trykkluft og vegstikka blir pressa på plass – alt gjort på ein – to – tre! Teigan Maskin skal montere vegstikker på alle fylkesvegane som er 6145 frå Todalskrysset til Todalsøra, 6146 frå Kvennset til Bruset og 6148 frå Bruset til Halsabrua. Den jobben er nok unnagjort i løpet av dagen.  Så får vi berre håpe at det blir ei stund enno før vi får besøk av brøytebilen!

Rolf Ove Røv frå Teigan Maskin i Surnadal sørga for vegstikker på Todalsøra. Legg merke til kontrolløren bak traktoren som sjekkar om det er gjort ordentleg arbeid. Foto. Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 25. september 2019, 10:16