Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei veke att til valet på nytt kommunestyre og nytt fylkesting

Jon Olav Ørsal Sundag 1. september 2019

Valet nærmar seg fort, og det er berre ei veke att før vi skal gå til vallokala og si vår meining i form av stemmegjeving.  I dag var Surnadal Arbeidarparti på Todalsvisitt, med stand utafor Matkroken L. Hals.

Dei var på plass medan det var kioskope, og det var ein del folk som stakk innom standen på veg inn- eller ut av butikken. Ordførarkandidat Annett Ranes og hennar stab var mest ute for å høyre kva velgarane hadde på hjarta her i Todalen, og understreka kor viktig det er å bruke stemmeretten.

Jon Bruset sørga for traktering med kaffe og sjokolade til besøkande på standen. Frå venstre Britt Mossing, Laila B. Aune, Ann Elin Stenberg, Jon bruset, Annett Ranes, odd Arild sande og Bjørn Gunnar Ansnes. Foto. Jon Olav Ørsal

I Surnadal er stemmelokalet i Surnadal kulturhus ope søndag 8.9. frå kl 14.00 – 19.00, og her kan alle kretsar stemme søndag. I Todalen er vallokalet på Todalen oppvekstsenter, og er ope måndag 9. 9. frå kl. 12.00 – kl. 20.00.

 

Først publisert: 1. september 2019, 19:01 - Sist oppdatert: 2. september 2019, 08:06