Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei trafikkfelle er borte!

Jon Olav Ørsal Måndag 28. oktober 2019

Dette har vi venta på så lenge, kan vi godt seie – ein stor jordhaug har sperra utsikten ved Trøbakkan i ein mannsalder. Det har vore aksjonert på fleire måtar for å få den fjerna, til inga nytte. No er den borte og det kan vi nok takke «prosjekt Tursti Toåa» for. 

Jordhaugen sperra utsikten for alle vegfarande og har vore til stor irritasjon gjennom lang tid. Foto Jon Olav Ørsal

Det var fin matjord i denne haugen, og den vil no bli bruka til å fylle opp og finpusse terrenget i samband med turstien nedover mot Båthølen og i terrenget rundt gapahuken og fiskeplassen som skal bygges attmed båthølen.

No er jordhugen borte og dermed blir det både tryggare skuleveg og tryggare og ferdes både for mjuke og «harde» trafikantar. Ikkje minst er det ein del trafikk av hjort og rådyr som ofte har kome litt stoms på for biltrafikken.

Publisert: 28. oktober 2019, 16:55