Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ei #nattinaturen saman med Surnadal Røde Kors og Surnadal kommune

Elinor Bolme Tysdag 1. september 2015

Surnadal Røde Kors og Surnadal kommune inviterer til overnatting ute på Ranessetra laurdag 5. til søndag 6. september i forbindelse med Norsk Friluftsliv sitt arrangement #nattinaturen. Dette er eit lågterskeltilbud, og store og små er velkommen til ei natt ute i naturen. Desverre er ikkje vêrmeldingane dei aller beste for helga, men initiativtakarane Margit Møllenhus, Janne Husby og Gretha Varvik  i Surnadal Røde Kors lovar at arrangementet går uansett. Planlagt underhaldning er litt vêravhengig med tanke på den dårlege kombinasjonen regn og musikkinstrument, men eitt eller anna innslaget lovar dei tre damene!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Seterstølen er rydda og klar til grilling og hygge rundt grua laurdags kvelden. Røde Kors stiller med kaffe og saft, resten tek du med sjølv. Røde Kors arrangerer natursti i tillegg. Har du ikkje telt, er det berre å kontakt med Røde Kors på telefonnummer 992 64 065, så ordnar dei til utlån.

Det blir felles avreise kl.15.00 frå toppen av Skeisnebba hytteområde, men dei som ønsker det kan naturleg vis komme direkte til Ranessetra både før og etter fortel Møllenhus. Frå Skeisnebba er det fin opparbeida steinlagt sti så å seie heilt fram. Ranessetra ligg også veldig fint til for ein eventuell tur på søndagen for dei som ønsker det. Her kan både Salen og Knyken anbefalast fortel ordførar Lilly Gunn Nyheim, som naturlegvis stiller på enda ei overnatting i Friluftslivets år 2015.

Les meir om Norsk Friluftsliv sitt landsomfattande arrangement #nattinaturen her: http://www.norskfriluftsliv.no/nattinaturen/

 

Publisert: 1. september 2015, 11:39