Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Ècole Creolè! – flott konsert i skulen

Ècole Creolè! – flott konsert i skulen

Jon Olav Ørsal Tysdag 28. mai 2013

Måndag morgon starta vi opp med konsert ved Todalen og Stangvik oppvekstsenter. Musikkgruppa Ècole Creolè gjesta oss med ein flott konsert. Gruppa Ecole Creole består av tre musikarar med tilknyting til New Orleans: Tricia Bouttè-Langlo, Paul David Longstreth og Kåre Nymark. Dei presenterte eit samansett program med song og musikk med ingrediensar frå den karibiske, kanadiske, amerikanske og europeiske kulturen i New Orleans.

Tricia, Paul og Kåre er svært flinke musikarar som med stor spele- og song-glede og entusiasme gjorde konserten til ei flott og god oppleving for oss i salen! Vi ønska oss ekstranummer, og det vart ein feiande flott bursdags-song for Maren! Vi ved skulen var svært fornøgde med ein slik kjempeflott start på veka, og musikarane syntest det var artig og kjekt å få spele og synge for eit så triveleg og engasjert publikum!

Alle foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 28. mai 2013, 04:00