Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Dyktig dugnadsgjeng førebur Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. juni 2020

Vi driv både generell opprydding og vedlikehal og førebuing til Todalsdagen – tek to fluer i eit smekk, fortel Lars Stensby , som er leiar for banekomiteen og som har ansvaret for dei tekniske anlegga som tilhøyrer Todalen idrettslag. – idrettslaget har mange anlegg som representerer stor verdiar, og det er nok difor rett at idrettslaget legg vekt på å ta vare på dette gjennom å drive aktivt vedlikehald.

I går kveld var det banekomiteen samt ein gjeng i tillegg som var i gang med opprydding i og rundt klubbhuset og ein gjeng som dreiv slåttearbeid og pussa opp rundt baneanlegget. Og jammen var det flott dugnadvær med temperatur nærare 30-tales og litt avkjølande drag i lufta. 

Todalsdagen er lagt til laurdag 27 juni i år.  Programmet blir nok litt amputert i forhold til det vi har vore vant til. Men arrangøren, TILs fotballgruppe, må forhalde seg til reglar som regjeringa har sett for slike aktivitetar, og blir nok gjort kjent etter kvart som det blir klart kva rammmer ein skal forhalde seg til.  

Finn Ranes bruka gammelmåten med rive og trillebåre. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 16. juni 2020, 05:21 - Sist oppdatert: 15. juni 2020, 20:39